Etter at mange ynskja anna enn berre politikk har eg bestemt meg for å leggje ut novella eg sendte til Skrivelyst. Novella er inspisrert frå eit dikt av Tor Obrestad.
Ein dag i oktober
blir grannane borte
Dei stig ut av ein bil
Dei går inn ei dør
Dei går i hi
”Eg har ikkje sett deg
på eit halvt år
Har du vore sjuk?”
Nei
Det er vinter og snø
(utdrag)
- Tor Obrestad
Det heile byrjar ein dag i oktober. Denne dagen er særleg mørk og trist. Det regnar, og eg kjem heim frå begravelsen til kona mi. Eg er no blitt enkemann.
Når nokon man er glad i døyr, sit ein igjen, einsam og ulukkeleg. Det er ein spesiell tomheit, noko som inga andre klarar å fylle. Der og då klara ein ikkje heilt sjå korleis verda kan fortsetta vidare, ubemerka og like god som alltids. Kva om det ein dag ikkje gjorde det? Kva om ein dag sa nokon at no klarar eg ikkje meir? Eg vil setje livet på pause…
No hadde eg ikkje vore ute frå leilegheita på ei veke. Det blei rett og slett for vanskeleg, eg klara det ikkje. Takla ikkje måten kvardagen berre gjekk sin vante gang vidare. Det skulle ikkje vere slik. I mitt stille sinn var dette eit slags opprør mot verda, samfunnet og dets harde hand. Det burde vere lov med ein pause når ein treng det. Det gjer eg no. Problemet er ikkje lenger at kona mi døydde, men når eg tek i handtaket for å gå ut, grip ein angst tak i meg og skrikar: ”Ikkje gjer det! Hold deg inne, kor du er trygg…” Det går simpelthen ikkje.
Eg er svolten! No må eg ha mat. Ein kan ikkje leva på same maten i to veker. Eg har ete all den maten opp no. Kjøleskapet smiler hånleg mot meg, med sine tomme hyller. Ei heller har eg reingjort. Verken meg sjølv eller leilegheita. Alt forfell rundt meg, det heile virkar råttent og ureinsleg. Kor lenge klarer ein å leve i si eiga dritt, før ein blir gal? Eller er ein gal når ein lurar på kor lenge ein kan leve i si eiga dritt? Er eg gal? Kor går grensa for særheit og galskap? Korleis folk greiar å forbli normale i denne gale verda går over mi forstand.
Dei ringar meg frå arbeite kvar dag. Til vanleg er eg tannlege, og det er utruleg lite gjevande. Kva glede har eg av å rote rundt i andres munn? Noko så ekkelt. Folk er ekle, dei brukar for lite fluor. Eg brukar masse fluor, tanntråd og munnskyllevann. Men allikevel dusjar eg ikkje. Det må ein forstå at enkelte gangar treng ein ikkje dusje kvar dag, eller kvar veke. På 1400-tallet dusja dei ein gang i året, og eg dusjar jo sjølvklart oftare enn dei. Eigentleg dusje dei vel ikkje, men dei bada nok. No gjer eg det igjen; eg lagar alltid unnskyldningar for meg sjølv. Kva glede har eg av å lure meg sjølv? Alle mennesker gjer jo det. Unnskylder dårlig livsstil med at dei trenar. No unnskylde eg nettopp at eg ikkje dusjar, med den dårlege hygiena dei hadde på 1400-tallet. Eg dusjar ikkje fordi eg gidd ikkje. Slik er det med den saka…
Eg brydde meg ikkje med rekningar eller anna post som kom til meg. Eg lot det berre ligge foran utgångsdøra mi. Der låg den bra, som ein liten barrikade mot den harde kvardag. Kvifor bry seg med post, avisar eller andre som vil skvise frå meg mine siste kroner? La dei berre sende rekningar, til dei spyr. Men eg har viktigare ting å tenkje på, som for eksempel korleis eg skal få noko å ete. Eg høyrar eit smell frå ganga, så eg hastar mot døra, forbi barrikaden og tittar ut gjennom dørsprekka. Der ser eg ein spak skikkelse, iført ei grå kåpe og eit gammaldags hovudeplagg. Det er min nabo, Fru Sivertsen. ”Fru Sivertsen?” ”Ja,” svarar ho. ”Det er meg, naboen din Erlend Hushovd.” Ho mysar mot meg, svaksynt som ho er. ”Ja, det var jammen lenge siden.” ”Det er nok det,” sier jeg. ”Men eg har eit problem. Du kan kanskje hjelpa meg og handle litt mat for meg i butikken?” Ho nikkar og smilar vennleg til meg. Eg spring inn i leiligheita og skriv raskt ned kva eg treng og gir henne det ho treng av pengar. Så trippar ho av gårde, ut i den store, farlige verda. Ho er ei tapper kvinne, Fru Sivertsen.
Posene fulle av matvarer kjem ein halvtime seinare. Eg takkar ho og seiar ho kan behalde vekslepengane, som takk. Ho hoppar ikkje akkurat i taket, men det skulle vel bare mangle. Ho er jo 70 år og det er så som så med helsa hennar…
Det er fleire grunnar til at eg forskanskar meg her i leiligheita mi. Eg syns ikkje eg treng bevisa for verda, eller berre burettslaget at eg fungerar. Det er tre ting eg hatar: prioritere, imponere og prestere. Kvifor må eg prioritere? Eg syns det er noko hardt over det, at ein må gjøre det rette. Prioritere dette foran noko langt kjekkare. Så er det dette med å imponere; kva er poenget? Er det ikkje nok å vite at ein er god, og vere nøgd med det? Og prestere? Kva er det? Prestere er vel å greie noko veldeg bra? Eller er det moglegs fantastisk. Ein prestasjon kan liknas med ein bragd. Kvifor må ein alltids vere så fuckings god? Kan ein ikkje berre vere normal, middelmåtig.
No har eg ete tørre nudlar og loff med smør lengje. Fru Sivertsen nektar å kjøpte røyk til meg, for ho meinar at då bidrar ho til å drepe meg. Eg har flerne gangar forklart at det ikkje er slik, men ho nektar å høyre på meg. Eg får meg verken frisk luft eller røyk. Kva får eg eigentleg då? Gammal CO2? Eg burde moglegs setja opp eit vindaug? Etter to veker er det ganske tett luft her inne.
Neste morgon ringar det på døra. Eg stig opp av senga og iførar meg morgenkåpe. På utsida står Samuelsen i tredje. Han påstår at det lukter får leiligheita mi. Eg kjenner ein valdsam trang til å slå, men held meg for god til det, ettersom eg er pasifist. Han meinar eg bør vaske, både leiligheita og meg sjølv. Eg seiar at det er han som luktar vondt, og at han kan feie for si eiga dør først. Eg slamrar døra hardt igjen, for å markere poenget mitt. Eg merka meg at Fru Sivertsen befant seg i bakgrunnen, så ho er no på dei andres side. Forbanna tispe. Ein kan ikkje lenger stole på nokon. Eg er dette burettslagets Cæsar. Samuelsen er Brutus og Fru Sivertsen er Cassius. Dei stikk meg i ryggen alle samen, sjølv om dei veit at eg aldri hadde gjort det mot dei.
Leiligheita er skallet mitt. Burettslaget berre er. Eg veit det er. Eg veit eg er. Er eg? Ja. Men her sit eg, altså, gjømt i skalle mitt, skjult for omverda. Savnar dei meg? Tvilar på det. Savner eg dei? NEI! Eg har det flott. Dagane fyllar eg med kabal og onani. Det er ikkje så meiningsfylt, men eg syns det er artig likevel…
Så kjem dagen eg håpte aldri skulle kome. Det bankar på døra. Skinnhanske mot tre. Ein autoritær stemme runger gjennom døra. ”Politi.” Eg hadde sett det føre meg på ein annan måte. Litt meir som på film. Med ein rambukk knusar dei inn døra, ein spring inn for å sikra gangen, etterfulgt av ein til som sikrar stua. Eg sit ved kjøkkenbordet og dei beordrar meg til å leggje frå meg skjeia og ta hendane i været, medan fleire tungt bevæpna politimenn stormar leiligheita. Men slik er det ikkje. To menn, i politiuniformer, banker stille på døra. Eg må jo berre åpne. Det er jo politiet. Døra knirkar høgt når eg åpnar ho. Politiet stig inn, og ser seg raskt om. Dei held ei hand foran nesa. Med god grunn. Dei ber meg bli med dei. Kvifor det lurar eg. ”Du kan ikkje bu under slike forhold.” ”Eg bur slik det passar meg,” seier eg. ”Ikkje gjer dette vanskeleg,” seier den andre politimannen. ”Neivel, men eg krever å få gå sjølv, iført slåbrokk.” Dei går med på det.
Ute på burettslagplassen står det ein stor gruppe mennesker. Blant dem Fru Sivertsen og Samuelsen. Eg rekk fing til dei. Politimannen seier eg ikkje skal gjere det. Til svar riv eg av meg slåbrokken. Eg er naken. Så tek eg til å springje. Ut frå burettslagplassen og ned veien. Politimennene følgjer etter, men eg er rask. Eg ser med eitt ei eng, som eg siktar meg inn på. Så tek politiet innpå. Det er befriande å springje slik. Den eine karen kaster seg etter meg, og grip tak i eit bein. Eg fell, og rullar naken ned bakken. Nummer to pågrip meg i enden av bakken. Lurar på kva som skjer no. Eg bryr meg ikkje. Det er deilig å vere ute. Idet eg set meg i politibilen kjem ein kollega. ”Eg har ikkje sett deg på eit halvt år. Har du vore sjuk?” ”Nei, det var vinter og snø.”