Her kommer min julegave til alle lesere. Nok ei novelle, som også ender på tragisk vis. Men dere må allikevel ha en fantastisk juleaften videre! Og jeg håper alle mine lesere får et strålende nytt år. Men vi skrives nok før inngangen til det nye året! Her kommer min novelle, Annleis, som jeg skrev tidligere i år. Tilbakemeldinger er særdeles velkomne.
God jul!
Han kjem vaggande nedover gata, aleine, som vanleg. Han har rufsete, grått hår og skjegg, skitne briller og loslitte klede. Andre snur seg etter han og stirar. Dei trur dei klarar å vere diskrete, men han ser dei. Merkar dei stikkande blikka frå dei. Gjennomtrengande, nysgjerrige og overlegne. Alle trur dei at dei er betre enn honom. Men det er dei ikkje. Den einaste skilnaden er at han er annleis. Annleis enn andre. Annleis enn dei fleste.
Verda er ein vakkar stad! Det er eg og Theodor klart samde om. Men det er ein tøff stad og! Ein må passa inn, noko verken Theo eller eg gjer. Men, på tross av det trivst eg med tilværet. Ein kan ikkje få i både pose og sekk. Theodor, eller Theo, er min einaste og beste venn. Han er ein liten, snodig kar, som alltid sit på den høgre skuldra mi. Saman har me det utruleg morosamt. Utanom når me tek bussen.
Det grøne kjøretøyet stansar opp. Då hveser det alltid hissig. Tsj! Dørene er opne, og eg trer inn. Sjølv om Theodor er med, treng eg ikkje betala bussbillett for han. Det har seg nemlig slik at ingen andre enn eg kan sjå han. Og det er like greitt, så har eg han for meg sjølv og sparar pengane. Me finn ein ledig plass og sett oss. Praten mellom oss held fram muntert. Så høyrar eg det. Den heslege latteren. Usjenert og støyande. Det er det same kvar gong. Ungdommane taklar ikkje at Theodor og eg snakkar saman. Eg strammar musklane, men Theodor seier at det er eg som vil komme seirande ut av denne situasjonen, dersom eg lar det gå hen. Eg gjer det, atter ein gong.
Bussturen er kort, heldigvis. Det første glimtet ein får av byen er Breiavatnet. Midt i hjarta av Stavanger, ligg det der så fredfullt og harmonisk. Tsj! Eg stig av.
Sidan eg var liten gut har Theo vore der for meg. No byrjar me å diskutera politikk. Eg er sosialdemokrat, men Theo er kommunist. Diskusjonen blir etter kvart heftig, som han ikkje så reint sjeldan blir. Med eitt blei Theodor rasande, og hoppa ned frå den høgre skuldra mi. Så sprang han av gårde, i eit utruleg tempo. Eg prøvde å følgje etter han, men eg var for gammal. Einsemda blei veldig påtrengjande. Aldri før hadde eg vore einsam. Men no var eg det. Eg måtte sjå etter honom. Det var slett ikkje sikkert at han greidde seg. Han kunne bli drepen eller påkøyrd. Eg grøssa ved tanken på det og byrja å springe.
Midt på Arneageren sto ei ung dame. Eg spurde ho: ”Har du sett ein kar som er omtrent 50 cm, rask og usynleg?” Eg høyrde fort kor dum eg virka, og sprang vidare. Kvar leitar ein etter fantasivenner?
Ulykksaleg vandra eg rundt i sentrum heile natta. Til slutt orka eg ikkje meir, og eg sovna på i benk i Lendeparken. Her sov eg i lag med narkiser og hundane deira.
Brått vakna eg frå ein djup søvn. Det var faktisk ikkje så aller verst å sove her. Så sto han der, rett opp og ned framfor meg. Eg blei så fylt av glede. Roleg gikk eg mot honom, men han trakk seg unna. ”Kva er det?” spurde eg. ”No har me vore venner i 53 år, og eg trur det er på tide å bli vaksne. Dette går ikkje.” ”Kva i helvete? Det er jo eg som har skapt deg, det var eg som fantaserte deg fram. Du kan ikkje berre gå når du vil!” ”Det er der du tek feil!” Så løp han.
Det vart ein intens jakt, ned mot Romsøegården i hastig tempo. Redd for å skulle miste min beste og einaste venn, løp eg av mine lungers og beins kraft. Theodor var rask og heldt oppe tempoet, men eg sprang så fort eg greidde. Eit sekund fekk eg ein underleg kjensle av at noko ville skje. Eg snudde hovudet til høgre.
Grønt! I rein skrekk stoppa eg opp. Lydane blei forsterka. Varselrop, tuting, hvining frå bremser og ein kjend stemme. Ein inderleg og god stemme kviskra i det høgre øyra mitt. Det var nokon vakre og vennlege ord. Så smald det. Dette eine sekundet avgjorde alt. Avgjorde om eg sto opp i morgon, avgjorde om eg ville gå på kafé i morgon, avgjorde om alt blei annleis. Hovudet mitt sprakk, det er eg temmeleg sikker på. Ruta fekk no ei raud hinne. Kroppen min traff bakken. Alt vart stille og svart. TSJ!


For mer info, besøk
Takk for gåva, den varma. Novella er passe surrealistisk, og eg får assosiasjonar til Albert Åberg og skybert. Eg skreiv ein gong eit stykke som heit “annleis”, men det var ikkje på langt nær så godt som dette. Her er ein frykt for å bli vaksen og ei kjensle av å stå åleine som gjer novella til noko meir enn berre ein tekst. Tusen takk, og god jul!
Eg leste gaven litt seint, men alltid gøy me seine gaver ^^
Syns dette va ei søde lidå novella, å eg følte eg va der. Hejlig Eijik!